300 millionar til vrakpant

Publisert av:
10/12/2016 08:24

I det nye budsjettforliket er 15.000,- pr. båt ein leverer inn til returordninga ein sum som kom fram, men detaljane i ordninga er enno ikkje fastsett. Det er framleis uvisst om det til dømes vert prisdifferensiering etter størrelse. 

Formålet med å innføra vrakpant på fritidsbåtar er å hindre at båtar vert senka, brent eller tilsvarande. – Vrakpanten innføres for å løse problemet med gamle utrangerte fritidsbåter, seier Jens Frølich Holte, politisk rådgjevar i Klima- og miljødepartementet til NRK.

Regjeringa sitt mål er å ha den nye vrakpantordninga på plass før sommaren.

I budsjettforliket  kjem det også fram andre endringar på returordninga. På moped og motorsykkel vert det 1000,- i vrakpant. Eldre varebilar får 13.000,- i vrakpant dersom køyretøyet vert erstatta med eit nullutsleppskøyretøy. For lastebilar, bubilar og campingvogner skal vrakpanten i følge budsjettforliket aukast med 8.250,-