Mykje humor i årets juleshow!

Publisert av:
8/12/2016 22:04

Det tradisjonelle juleshowet til 10. klassen har eit godt rykte, og i god tid før premierestart i kveld var salen fullsatt!

Kvelden var prega av stor breidde i programmet. Egenproduserte filmar, sketsjar, song og dans var noko av det ein kunne sjå. Eit av fleire høgdepunkt var “Jakten på kjærligheten”, her fekk ein verkeleg trimma lattermusklane!

Var du ikkje på førestellinga i dag, har du ny og siste muligheit i morgon til å få  med deg det flotte Juleshowet! 

Under kan du sjå bilete frå nokre av innslaga til 10. klassen:
Tekst & foto: Karoline Støle