Sotrafestivalen 2016

Publisert av:
21/11/2016 17:38

I helga vart den årlege Sotrafestivalen arrangert. Heile 47 korps og ca 100 solistar og ensemble deltok på denne populære skulekorpsfestivalen.

Frå Tysnes deltok både Tysnes Skulekorps og Onarheim musikklag.

Onarheim Musikklag stakk av med sigeren i klassa for Generasjonskorps.

I tillegg fekk mangeårige medlem av korpset, Kjersti Langeland, ein strålande 3. plass i solistklassen 16-19 år.

-Onarheim Musikklag har hatt ei god oppkjøring med Nick Huges som dirigent, og vi har hatt inntrykk av at alle har kost seg, fortel Beate Storesætre. Progammet gjorde at alle måtte leggja seg litt ekstra i selen…til og med øva heima, legg ho humoristisk til.
-Musikklaget hadde ein kjekk og sosial dag på Sotra. Det var kjekt å høyra på, og sjølvsagt vera i lag med Skulekorpset, og stor stas med pizza på Sartor!

 

Tysnes Skulekorps deltok i 3. divisjon brass, og fekk ein flott 5. plass blandt dei 10 korpsa som deltok.

Solistprisen i denne divisjonen gjekk velfortjent til Heidi Aarskog for ei fantastisk framføring på Flygelhorn.

Tysnes Skulekorps

Juniorkorpset

 

Alle foto: Else Marit Særsten