Handball

Publisert av:
7/11/2016 07:00

To av Tysnes Idrettslag sine handballag var i aksjon i Tysneshallen søndag, 6/11.

Jenter 14
Først ut var jenter 14 som møtte Vadmyra. Tysnes hang brukbart med i 1.omgang, men låg likevel under med 1-4 halvvegs. Ida Solheim satte inn Tysnes sitt mål før pause frå straffemerket.

I 2.omgang var gjestene det førande laget og overkøyrte dei raudkledde med åtte nye scoringer, før Mari Meland og Ida Solheim reduserte. Sluttresultatet vart 12-3 til Vadmyra.

Mari Meland var god på strek med scoring og skaffa Tysnes nokre straffekast.

 

Emma Marie Elgsås var lagets beste spelar trass mange baklengsmål.



Gutar 11
Gutar 11 spelte to kampar. Først vart det eit intenst oppgjer mot Stord. Tysnes leia 3-0 til pause, men slokna totalt i 2.omgang. Stordingane vann til slutt 7-4.

I den andre kampen, mot Os, gjekk det betre. Også her var det jamnt, men Tysnes drog i land ein 8-6 siger.


Mathias Bakke var sterk både i forsvar og angrep.

 

Godt spel av Tobias Dalen Hagen.

 

Avslutning og scoring frå Brede Røssland.

Tekst og foto: Silje Epland