Fotball G 16

Publisert av:
5/10/2016 10:01

Njardar/Tysnes – Nore Neset 2  2 – 4


Måndag møtte Njardar/Tysnes – Nore Neset 2 i flomlyset på kunstgrasbanen. Kampen var jamn, men gjestene trekte det lengste strået og kunne reisa heim med tre poeng.


I første omgang var det få situasjonar føre mål. Spelet gjekk føre seg på midtbanen, og det stoppa opp når spelet nærma seg 16-meteren.

Nore Neset gjekk opp i 1 – 0 etter at ballen spratt over Knut Jørgen.
I andre omgang utlikna Njardar/Tysnes, før Nore Neset igjen tok leiinga. Midt i omgangen scora Kenneth sitt andre mål for dagen, men gjesten gjekk opp til 4- 2 mot slutten av kampen.
I andre omgang vart Njardar/Tysnes meir aggresive føre mål, og laget kunne med litt klaff ha scora fleire mål.


I glimt spelte heimelaget fin fotball der pasningane nådde målet sitt, men ofte vart det høge skuldre og oppjaga spel.


For å få haustsesongen til å gå i hop, er laget avhengig av å låna spelarar frå G 13-laget. Denne gongen var Emre og Øyvind med.


Desse spelte:
Knut Jørgen Nesland, Ayleen Hagen, Sjur Håvik, Einar Stikkholmen, Sjurd Pedersen, Isak Enes, Simen Fosså, Sigbjørn Dahle, Jakob Lønningen, Kenneth Dalland, Viljar Kaldefoss, Kristoffer Rojas, Emre Hagen og Øyvind Helvik.

Tekst Helge Hauge