Flott konsert
3/10/2016 21:10
Ein vel gjennomført konsert i kulturkyrkja på søndag kveld.
Med mellom 120-130 personar som publikum til konserten, må ein seie seg nøgd med oppmøte.
Det var eit variert program der artistane sjølve valgte låtane dei ville synge og spele.
Eit sprekt opningsnummer med orgel (Jurgita Bubilaite) og el-gitar (Jan Gunnar Rosseland) “Himmelskip”. Deretter Tamara Helland og Nora Stien med to innslag med akustisk gitar og tostemt sang.
Mange flotte soloinnspel og mykje fint sammspel.
Kyrkja har ein unik akustikk der konsertopplevelsen blir total.
Det som toppa det heile var nok siste innslag der dei fleste var med på ein felles framføring av “Amazing Grace”. Bandet (Tor Vidar Tveit, Martin Hauge Hansen, Henrik Epland og Jan Gunnar Rosseland), Jenny Kjellevold, Øyvind Kleppe, Grethe Barmen (flygelhorn), Ida Meland (kornett), Tysnes Kammerkor og Jurgita Bubilaite (orgel).
Takk for ei flott musikalsk oppleving i Kulturkyrkja.
Tekst og foto: Åshild Matre