Kystsogevekene

Publisert av:
2/9/2016 07:15

KULTURLØO PÅ DRANGE

Drange, laurdag 3. september kl 12.00-17.00

Kl. 14.00 tek forteljarkunstnaren Anne Elisabeth Skogen oss med på reisa – Med Restauration til Amerika – det norske emigrantfølgjet som segla over Atlanteren til Amerika i 1825.

Kulturløo har ein av dei største autentiske gardssamlingane i Sunnhordland.

Arr. Kari Grønås og Helge Drange

FOLKEDRAKTER PÅ TYSNES – FRÅ 1800-TALET

Dokkegalleriet ved Tysnes kyrkje, laurdag 3. og sundag 4. september 

kl 12.00-17.00

Utstillinga vil særleg vise kvinneklede frå 1800-talet. 

Laurdag kl 13.00, foredrag om folkedrakter på Tysnes v/ Britt Kjellesvik Rage.

Arr. Britt Kjellesvik Rage