Folket fortvilar
24/8/2016 12:16
Sommaren har vore prega av dårleg vêr, og i følgje meterologane er sommaren over denne veka, og vi går ei kaldare og våtare tid i møte.
Vi har spurt lesarane kva dei meiner du om «sommarvêret».
Avstemminga har engasjert, og vi har fått inn 877 stemmer.
Etter stemmefordelinga å dømme, er det ingen tvil: Folk er oppgitt, og har ikkje ord! Dette alternativet fekk 72 % av stemmene.
Berre 9 % tek det heile med ro, og har gitt si stemme til alternativet: «Kler meg godt og kjem meg ut»
7 % meiner det er «heilt pyton».
5 % seier dei er glade dei har bestilt sydentur medan 4 % er glade dei slepp å bli solbrent.
Eit fåtal (1 %) ser positivt på det og synast det er kjekt at dei sleppa maset om å slå plenen.
Og, uansett vêr, sommaren er nok ikkje rette tida for brettspel, for berre 1 % valde å gje stemme til alternativet «Brettspelet er funne fram og familien kosar seg».
Fyrstkommande søndag er siste gongen butikkane held søndagsope for denne sommarsesongen.
Kva tenkjer du om det?