Publisert av:
7/8/2016 07:54
Nautisk Maraton
Møgster Maraton
På den vakre øya Møgster, som har 62 fastbuande og ein del hytter, vart det for femte året arrangert eit maraton utanom det vanlege. Arrangementet vert omtala som eit natureventyr og ei fantastisk oppleving.
Laurdag 6. august vart det arrangert både heilmaraton på 42 km og Nautisk Maraton på 4,2 nautiske mil.
Løypene går over mark og veg, gjennom gårdstun og langs gamle traktorspor. Ei oppleving heilt utanom det vanlege!
Vinnar frå Tysnes
Nautisk Maraton som er eit heilt unikt løp, hadde i år 59 påmelde i dameklassen og 43 i herreklassen.
Marita Nygård frå Tysnes tok ein solid seier med tida 35:10.0.
Heile 3.04 før Anne Hamnes, som kom inn på tida 38:14.0!