Hundedagane

Publisert av:
23/7/2016 07:56

Hundestjerna, Sirius er synleg på himmelen i denne perioden, og det er opphavet til namnet på denne perioden. I det gamle Egypt starta Sirius si oppstigning på denne tida av året. Stjerna var synleg og starta vandringa si gjennom stjernebiletet Løven til den forsvann ved utgangen av hundedagane. Vandringa til Sirius har endra seg sidan oldtidas Egypt, men hundedagane har ein framleis.

Det er knytt mykje folketru til denne perioden, då særskilt knytt til vêrteikn. Ein seier at hundedagane kan fortelle deg korleis vêret blir i mange månader, men det er mange ulike oppfatningar om kva teikn ein skal sjå etter, og korleis ein skal tolka dei.

Den fyrste dagen avgjorde mykje, veret ville vere like fint eller stygt i heile perioden som denne dagen.
Med det veret me har på Tysnes i dag, får vi tru mest på den fyrste varianten, og satse på at vi får bra vêr dei neste fire vekene!

Det heiter seg også at ein ikkje skal ete fisk som har “r” i namnet i denne perioden.

Mat skal ha lett for å råtne og vert lett mygla, det skal også vere vanskeleg å piske fløyte, og om du greier det vert ofte kremen sur….

Denne perioden er også høgtid for maneter og veps. Det samlar seg mykje maneter, og vepsen vert hissig og innpåsliten.