G 16

Publisert av:
2/6/2016 20:48

Torsdag møtte Njardar/Tysnes Austevoll 3 på Reiso og kunne innkassera sin første siger for året. Første omgang var ganske jamspelt og Njardar/Tysnes hadde dei fleste sjansane. Likevel var det Austevoll som tok leiinga. Mot slutten av omgangen scora kenneth, og det stod 1-1 ved pause.

I andre omgang skjerpa Njardar/Tysnes både når det galdt samspel og innsats. Austevoll tok igjen leiinga, men kenneth scora sikkert på straffe. Sondre vart sett fram på midtbanen ipå slutten av omgangen og takka med å laga eit mål. Simen fastsette resultatet til 4 – 2.

Spelemessig har laget ein god del å gå på. Det vart svært oppjaga og dermed sit ikkje pasningspelet. Denne gongen kan me likevel gle oss over siger.

Desse var med: Knut Jørgen Nesland, Remy Gundersen, Ayleen Hagen, Sjur Håvik, Sondre Flygansvær, Alexander Nordal, Simen Fosså, Einar Stikholmen, Elias Jordal, Kenneth Dalland ,Isak Enes,Jakob Lønningen, Viljar Kaldefoss og Kristoffer Rojas.

Helge Hauge.