Til deg som er glad i å danse
17/4/2016 07:48
Tysnes Musikklag har sikra seg to flotte band som skal setje fart i dansefoten:
Hanne Mette Band og Bris!
Hanne Mette, var tidlegare vokalist i Contrazt, og var i 2015 nominert til spelemannsprisen i dansebandkategorien. Ho har gitt ut 3 plater og er no så smått byrja på plate nr 4. Eitt av medlemmane i bandet stammar frå Årbakka, og han gler seg veldig til å koma til Tysnes.
Bris likar seg godt på Tysnes og kjem for tredje gong på rad.
Dei har mange tilhengjarar i dansemiljøet på vestlandet, og har laga ein heilt eignen song til jentene i Sunnhordland. I videoen er det også bilete av kjende fjes på Tysnes.
[youtube]Y4Ik6G5jF00[/youtube]
Tysnes Skulekorps tek seg av bubilparkeringa som i fjor.
Tidlegare har har det vore fullt på bubilparkeringa