Forbod mot eld i skog og mark.
14/4/2016 06:25
Brannsjefen i Tysnes kommune minner om at vi no går inn i perioden der det er forbode å gjere opp eld nær skog og all anna utmark utan løyve frå kommuna. Forbodet gjeld i perioden 15.04 – 15.09.
Vidare opplyser han at i perioder med særskilt stor brannfare kan kommuna innføre forbod mot å gjere opp eld i bestemte områder utanfor tidsrommet 15.04 til 15.09. Det er imidlertid tillatt å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann.
« Å gjere opp eld» omfattar meir enn bålbrenning!
Det omfattar til dømes bruk av eingongsgrillar og andre bål og peisinnretningar. Oppsending av skylanterner og handtering av brannfarlig avfall er også omfatta av begrepet.
Tysnes Brann og Redning informerer også om endra bålreglar frå 1. januar 2016.
Frå 1. januar i år gjeld endra bålreglar jf ny forskrift om brannforebygging.
Einkvar pliktar å utvise aktsomhet ved gjennomføring av aktivitet som kan medføre brann.
Det er forbudt å gjere opp eld, eller behandle brannfarlige gjenstander utendørs under slike forhold at det kan føre til brann. Oppgjort eld må ikkje forlates før den er sløkt. Dette er regler som gjeld heile året.