Hjartesukk

Publisert av:
5/4/2016 08:23

Oppdatering: Dei ansvarlege har teke kontakt, med lovnad om å ordne opp etter seg!

Sist helg parkerte nokre ungdommar ei campingvogn på parkeringsplassen til Tysnes skule. I etterkant var parkeringsplassen og dels skuleplassen tilgrisa med boss. Bakom papircontainaren vår låg det att eit telt, og oppi same containar var det kasta restavfall og ein kasse med tomme ølflasker (dels knuste). To av inngangsdørene til skulen hadde og fått brotskadar i glaset.

Tysnes skule opplever det som særs trist å oppleva slike hendingar. Slikt hærverk og tilgrising medfører store meirkostnadar for for skulen/kommunen, og desse pengane kunne vore brukt mykje betre. Vi tenkjer det er ille at innbyggarane sine skattepenger skal gå unødig opprydding og reparasjonar når dei heller kunne vore nytta til ordinært, sårt tiltrengt vedlikehald og til å gje endra betre kommmunale tenester. 

Eg vonar dei ansvarlege tek kontakt med Tysnes skule for å rydda opp etter seg og ta ansvar for handlingane sine.

Are Sæverudsø Lygre
Rektor, Tysnes skule