Publisert av:
3/4/2016 15:40
Rydding av turstiar på sørsida
Kvar vår må turstiane i markjo og i fjellet ryddast for kvist og kvast og nedfall av tre. Og vegvisarar og merkestikker må ettersjåast.
Bileta er frå desse ryddeturane til Olav Skjellevik.
Under stadskilta på Flakka og rett nordafor Skjellevik ligg det ein boks med turkart.
Der er alle rydda og merkte stiar prikka inn.
No er alle desse stiane klarerte for turgåarane.
Rett ovanfor Skjellevik-skiltet (hovedskiltet) har grunneigaren laga ein fin parkeringsplass.
Foto: Olav Skjellevik
Varden på Øykjafjellet
Utsikt mot nordaust frå Øykjafjellet
Rydda nedfall
Ovanfor Svartavatnet
Ved varden på Salsborgjo