Dalland Gard

Publisert av:
31/3/2016 22:00

Anders Dalland og sambuaren Irene Danielsen, som driv Dalland gard i Dallandsbrekko har allereie fleire dyr på garden i tillegg til at dei driv med poteter og vedproduksjon.

I samband med 10 års jubileet til Tysnesfest satsar dei på eit skikkeleg eksotisk innslag som vonaleg vil glede både store og små.

Tanken på eit ZOO vart vekt ein sein nattestime i godt lag med kameratane Anders Dalland og Sigvard Madsen. –Me har lufta mange idear, og klekt ut mange artige planar i slike stunder, men dette trur eg toppar alt fortel Sigvard til Tysnesingen.no.  Sambuaren til Anders, Irene Danielsen, tende umiddelbart på ideen, og saman starta ho og Anders på det vidare arbeidet for å få realisert planen.

Opninga vert under Tysnesfest, men dyreparken vil sjølvsagt vere eit varig tilbod med faste opningstider.

Det fyrste dyret vart i går installert i lagerhallen på garden.

Det er den 1,5 år gamle elefanten «LUCY» som dei har fått frå dyrehagen i København. Denne dyrehagen har måtta skrenke inn på besetninga, og har etter fleire omgongar rundt forhandlingsbordet lete seg overtyde om at Anders og Dalland Gard er ein seriøs aktør som kjem til å ta godt hand om dyra.
Løyvet om import av levande dyr frå Mattilsynet tok lang tid å få gjennom, det var eit hav av skjema som måtte godkjennast. –Her fekk me mange gode råd frå Dyreparken i Kristiansand som har lang erfaring med dette, skyt Irene inn.

Innovasjon Norge og Atheno har også vore viktige støttespelarar, og har bidrege til at det økonomiske no er på plass. Anders og Irene er overvelda over den positive responsen dei har fått på prosjektet. –Det er stor etterspurnad etter ekte innovasjon i landbruket, og det trur eg var viktig for å få realisert dette, legg Anders til.

Anders ynskjer ikkje å røpe alle dyra som kjem, men han kan fortelje at det vert ganske eksotisk!
–Det skal vere ei lita overrasking til Tysnesingane seier han, og legg til ja, ja ei lita overrasking vert det nok ikkje!

Sjå video av “LUCY”