Fartsfyldt for dei kreative
28/2/2016 07:54
Ta sjansen under årets Tysnesfest!
Kjempetøff sommaraktivitet for deg som likar utfordringar!
Tysnesfest utfordrar alle til å finne fram kreativiteten! Lag deg ein spanande farkost som kan gje både deg sjølv og og publikum ei kjempehending under Tysnesfest.
Premiering:
• Raskaste båt: – Beste tid, frå farkosten blir sleppt i rampa til fyrste deltakar når fram til bjølla.
• Fiaskopris: – Det kan også bli delt ut ein pris til den farkosten som sørgjer for den største fiaskoen.
Ta sjansen kjem til å føregå ved Våge kai laurdag 9. juli.
Meld deg på her, påmeldingsfrist 1. juli.
Tysnesfest Grand Prix kassabilløp
Kassabilløpet har lang tradisjon på Tysnesfest, og er eit svært populært arrangement.
Bana vert fordelt over 2 etapper, avskild med ein pitstop, totalt 250 m.
Det er 2 klassar i Tysnesfest Grand Prix:
-”Tysnesfest Open” -klasse med premierar for raskaste bil, finaste bil og sjarmørpris
-”Tysnesfest Mesterskap” -klasse der vinnaren (raskaste bil) blir meld på til NM i kassabil i Oslo.
Reglane som gjeld for dei to ulike klassane finn du her.
Kassabilløpet vert på marknadsdagen, Fredag 8. Juli.
Meld deg på her, påmeldingsfrist 4. juli.