I dag er siste dagen

Publisert av:
27/2/2016 08:08

Brevmengda har falle dramatisk, sidan 1999 har ein registrert ei halvering i volum. Posten.no skriv at dette i hovudsak skuldast den stadig aukande digitaliseringa. Posten fortel vidare at dei møter utviklinga med fallande brevvolum med å tilpasse tenestetilbodet og omstille verksemda.

Dette inneberer mellom anna at det ikkje lenger vert brevombering på laurdagane.
På Tysnes vil aviser framleis verte distribuert som normalt på laurdagane.

Bileta syner Finn Bruntveit då han leverte post til Tysnes Industri i Eredalen fredag 26.2.