Renessanse for lokalbankar
26/2/2016 17:19
Tor Wallin Andreassen ved NHH seier at lokalbankane er vinnarane i framtida.
Fleire regionale bankar har lagt ned filialar, og lokalbankar som Tysnes Sparebank opplever at fleire av desse kudane no trekkjer mot lokalbankane.
Intervjuet kan du høyre på nrk.Hordaland, spol til “00.28.30”
Sjølv om analysar syner at det er ein svak tilbakegong for norske bankar, kan Tysnes Sparebank sjå tilbake på 2015 som det beste året sidan banken vart stifta for 153 år sidan. Banken fekk 500 nye kundar i 2015 og hadde størst framgong av alle bankane i Eika alliansen.
Tysnes Sparebank utvida i fjor med to nye salskontor, og har i dag 17 tilsette. Banken skal no tilsetje fleire og utvide arbeidsstokken til 20 personar, og etablera kontor på Stord.
Ein finn også meir om saka i artikkelen “Småbankane satsar der dei store legg ned” på NRK Hordaland.