Sundags-akademiet 10 år
9/2/2016 19:34
I år er det populære Sundagsakademiet 10 år. Det vert markert med ei framsyning i Grendatun, der me viser dokumentarfilmen “Album – en dokumentarfilm om Knud Knudsens bildeverden” frå 2015. Filmen vert følgd av eit foredrag om fotografen Knud Knudsen, som reiste over heile Noreg frå 1860-åra og meir enn nokon annan dokumenterte arbeid og kvardagsliv der han kom, også på Tysnes.
Me vil også markera det arbeidet som no er gjort for å ta vare på den lokalhistoriske biletsamlinga på Tysnes. Olav Skjellevik vil fortelja historia kring nokre av desse gamle bileta.
Vel møtt til ein annleis filmkveld!
Tid og stad: Sundag 14. februar kl. 17 i Grendatun (merk staden)
Arr. Tysnes folkebibliotek i samarbeid med Tysnes sogelag og Tysnes bygdekvinnelag.

Motiv frå Godøysund, Knud Knudson