Artistslepp frå Tysnesfest!

Publisert av:
10/2/2016 19:00

The Main Level

Me er utrulig glade for å kunna annonsera at The Main Level kjem til Tysnesfest! Laurent, Sander og vår eigen Alexander har takka ja til å komma og underhalda store og små. 

Boybandet The Main Level har på kort tid rukke å få fans frå heile verden. På flyplassar landet rundt har The Main Level blitt storma av store folkemengder, til tider på nivå med kva artister som One Direction eller Justin Bieber opplever. I nokre tilfeller er hotell vorten stengt ned, og TML-gutta har brukt lang tid på å komma seg forbi hylande fans. The Main Level turnerte i 2014 med Isac Elliot, og dei har spela for mange ti-tals tusen publikummara både på VG-lista og P4`s Vinterlyd turne.

Låtar som «Blackout» «Go Go with You» og «Lost Right Here» har herja radiokanalar i lengre tid no. Dei er for tida svært aktuelle med singelen «My Girl» og albummet «We are who we are» som kom ut 27. november i fjor.

 


Dum Dum Boys. Foto: Stian Andersen

DumDum Boys

DumDum Boys frå Trondheim er eit av dei mest sentrale banda i norsk rockehistorie. Me har fått mange positive tilbakemeldingar etter at dei vitja oss i 2013, og me er glade for at desse legendene skal ta del i jubileumsfeiringa vår! 

DumDum Boys har vore landets største og beste rockeband i 30 lange år. Dei klarar framleis å produsera nytt materiale som vert godt motteke, og i jubileumsåret 2015 kom dei med to nye sangar som fekk 5 i terningkast i Aftenposten. «Tid&Sted» og «Har det på tunga» bringer med seg mykje nostalgi, og ein høyrer heilt klart at dette er DumDum- låtar. 

Dumdum Boys anno 2016 er eit svolten og vitalt rockeorkester som kan spela fletta av mindre tilårskomne kollegaer! Oh Yeah!


Halvdan Sivertsen. Foto:Rune Nilsen
Halvdan Sivertsen

Ein av dei orginale girarkameratane og utvilsomt ein av Norges fremste artistar Halvdan Sivertsen kjem til Tysnesfest! Sivertsen har vunne heile 5 Spellemannsprisar og er ein av dei mest folkekjære artistane me har. Måten han kombinerer humor og alvor i musikken sin er ganske unik. Han har levert ei nærast uendeleg lang rekkje hits, og me kan nevne «Ti tusen tommeltotta», «Sommerfuggel i Vinterland», «Førr ei dame» og «Kjærlighetsvisa» som nokon av dei. Halvdan sitt engasjement er svært smittsomt, og me gler oss til å sjå han på Gjerstad Arena!


Hear Me Roar. Foto: Peter Turbaas

Hear Me Roar

Tysnesfest har deltatt på det fantastiske arrangementet 100 dagar 5.-7. februar. Her har 20 flotte og flinke band/artistar fått vist seg fram for nærare 20 festivalar frå Vestlandet. Alle festivalane har stemt fram eit band dei har ekstra tru på, og i år vart det Hear me Roar. Bandet skriv og syng songar med tidlause melodiar om slitesterke tema. Mykje hjarta og mørke, men heldigvis også sterke streif av solskinn. Hear Me Roars songar er av et slikt slag som opnar tårekanalane – på den gode måten. Bandet leverte ein framifrå konsert på 100 dagar, og med gler oss til å sjå dei på Gjerstad! Gratulerer som årets Vestlandssatsing!
Hear Me Roar på NRK Urørt.