Publisert av:
2/2/2016 10:12
Tysnesfest
Tysnesfest er i gang med å laga bok om festivalens historie igjennom 10 år.
Til ei slik bok høyrer det blant anna med mykje flotte bilete.
Me har mange gode bilete frå seinare år men utvalet i frå festivalen sine fyrste år er diverre noko avgrensa.
Har DU bilete frå Tysnesfest 2007 eller 2008, vil me veldig gjerne koma i kontakt med deg!
Om du har spesielle eller artige bilder frå andre år som du meiner kan verta fine i boka er me også veldig interessert i dei.
Du kan kontakta oss på epost til eirik@tysnesfest.no eller telefon 949 84 050