Dagens ris
31/1/2016 09:34
På torsdag var det venta stopp på vatnet i Våge, Gjerstad og Gjerstad. Dette blei varsla. Etter denne stoppen har vatnet i Gjersvik vore prega av lågt trykk.
På laurdag var trykket alt for lågt til å i det heile tatt få ta seg ein dusj. Etter kvart fekk me ikkje noko ut av springen heller.
Søndags morgon har me enno ikkje fått noko vatn. Altså over 24 timar utan vatn.
Eg har full forståing for at ting kan skje, og at feila somme tider kan vera vanskeleg å utbetre, men eg syns det er heilt uhaldbart at Vassverket ikkje kjem med informasjon. Me fekk ikkje informasjon om problemet før me tok kontakt med dei sjølve, og då visste dei tydlegvis om det. I same meldinga kor me spurde om når me kunne forventa vatn igjen, fekk me til svar «kanskje tysdag». Det er heller ikkje første gong på dei 15 månadane me har budd her, at det har vore problem med vatnet utan at me har fått beskjed om det, til tross for at me er påmeldt sms – varslinga deira.
Yvonne K. Eilertsen