Sundagsakademiet Tysnes folkebibliotek
19/1/2016 10:07
Sundagsakademiet går i år inn i sitt tiande år. Denne sesongen vert det tre arrangement.
Det første foredraget vert førstkomande sundag, då journalist og forfattar Wenche M. Eriksen kjem til Tysnes.
Møtet med døden eller andre livskriser kan endra livet vårt fullstendig. Og ikkje berre på ein negativ måte. Det kan opna dører inn til vår skjulte indre kraft- eller visdomskjelde – og resultatet kan paradoksalt nok bli at du set meir pris på livet, på deg sjølv og dine medmenneske enn du gjorde tidlegare.
Forfattar og journalist Wenche M. Eriksen gav i 2003 ut boka ”Då hjarta brast”, som ho skreiv etter at ho mista sonen sin.
– Eg trur at mennesket rommar mykje meir enn det me til vanleg tenkjer over, seier Wenche M. Eriksen. – Gjennom tankar, ord og gjerningar er me alle medskaparar på denne planeten.
Me har alle eit personleg ansvar for korleis me lever, kva me vel å fokusera på – og ikkje minst korleis me oppfører oss mot våre medmenneske. Livet er som eit ekko: Me får tilbake det me sender ut.
Etter foredraget vert det opna for spørsmål og kommentarar, dersom nokre av tilhøyrarane har noko på hjartet. Som vanleg vert det ein kaffipause undervegs.