Skal vere mindre på Facebook

Publisert av:
15/1/2016 21:55

Denne gongen lurte me på kva du skulle gjera meir eller mindre av i det nye året.
610 stemmer kom inn.

Heile 61% svara at dei skulle vere mindre på Facebook og heller snakka meir direkte med folk.
På ein god 2. plass med 15% av stemmene kom: Ha eit positivt fokus i kvardagen.

Vere meir egoistisk vart det  3. mest valgte alternativet og fekk 8% av stemmene.
Bli meir økonomisk bevisst  fekk 6%.

Byrja å trena, igjen… fekk 4%. Det same fekk: Tenkja meg om før eg kjøper noko nytt.
Eta mindre ferdigmat, og vere meir spontan fekk kvar 1% av stemmene.

Frisør på hjul.


Susanna Høviskeland 

Tysnesingen.no har blitt kontakta av Susanna Høviskeland som er utdanna frisør og makeup artist. Ho vurderer å etablera seg på Tysnes med tilbod om «frisør på hjul».

Denne gongen i di meining lurer me difor på kva du tenkjer om frisør på hjul?