Kjetil Hestad i ny jobb

Publisert av:
15/1/2016 13:20

Kjetil Hestad er tilsatt som Miljø og samfunnskoordinator for Tombre Gruppen og Lingalaks AS.

Han tiltrer i stillinga 1. februar.

I ei pressemelding seier dei to selskapa at med Kjetil Hestad på laget er dei trygg på at dei vil få ein medarbeider som vil bidra på ein utmerka måte. 

Kjetil kjem frå Tysnes og har til nyleg våre ordførar der, han har også jobba fleire år på Stortinget. Med hans gode kunnskap til både næringa og samfunnet vil me ynskja Kjetil alt godt i den nye  jobben – og ser fram til å jobbe sammen med han. Saman med Kjetil skal me bidra til å løfta ei viktig næring for vår region vidare opp og fram. seier dei to daglige leiarane Håkon Tombre i Tombre Gruppen og Erlend Haugarvoll i Lingalaks AS.