Publisert av:
23/11/2015 09:11
Avslutning Njardar G-16
Mange skadar og fleire som flytta i sommar, gjorde haustsesongen vanskeleg. Likevel klarte gutane (og jenta) å gjennomføra sesongen. Mykje av det kan me takka 2001-spelarane for då dei utgjorde halvparten av troppen i haust.
Neste sesong vart også diskutert. Nesten alle dei aktuelle spelarane gav signal om at dei ville vera med vidare, og i tillegg får me to spelarar som kjem frå Strand-Ulv. Dermed ser det ut for at det kan verta 11ar-lag også neste sesong.
På avslutninga var det utdeling av pokalar, og på biletet ser du frå venstre: Alf Inge Stue, toppscorar, Elvis Kalvans, beste spelar, Sjur Håvik, størst framgang, Isak Enes, størst framgang, Amalie S. Tysnes, tøffaste jenta på laget og trenar Helge Hauge.
Tekst og foto: Njardar/Tysnes