Filmpremiere

Publisert av:
12/11/2015 09:19

Mange trossa regnet og møtte opp utanfor Mandelhuset. Initiativtakar til den nye Tysnesfilmen, Patric Russel Madsen, hadde eit ønske gjennom den korte filmen og dela draumen om det gode livet på landet med både noverande og framtidige Tysnesingar. 

Det er absolutt verdt å bruke 4 minutt på å sjå denne flotte filmen som bringer fram stolthet over Tysnessamfunnet og det å vere Tysnesing.

Filmen vart og lagt ut på Facebook i går, og er allereie vorten sett over 7500 gonger!

Her kan du sjå filmen. 

Tysnesfest hadde stand og serverte festivalgløgg under utepremieren.

Etter filmframsyninga hadde Atheno eit næringsseminar med tittelen
Attraktive Tysnes“.
Dagleg leiar i Atheno, Astrid K. Steinsland, snakka rundt temaet: -Sjå moglegheitene-gjer noko med dei!

Børge Pedersen frå Vågen AS haldt eit spennande foredrag med historisk tilbakeblikk, bedrifta sine leveransar og utfordringar, samt moglegheiter framover. Som mange andre merkar også Vågen at det er mykje mindre aktivitet i oljebransjen, og dei ser difor etter nye marknadar, samt at dei håpar dei som har gode idear kjem til dei for å vurdera samarbeid.

Nina Ø. Borrevik frå Atheno fortalte om Ungt Entreprenørskap. Dette var ein unik muligheit for kommunar og skular, saman med Atheno, å få til systematisk opplæring i gründervirksomhet. Kanskje dette er noko kommunen bør vurdere å inngå eit samarbeid på?

På næringssamlinga fortalte Patrick om Mandelhuset sine planar om utviding framover, og kor viktig det var med gode støttespelarar.

Næringssamlinga vart avslutta av ordførar Kåre Martin Kleppe som snakka om hans visjonar for morgondagens Tysnes. Han var sjølvsagt oppteken av vekst for både industri og folketal, men hadde og ein tanke om at det er viktig og ta vare på og vere glad for dei unike og flotte fortrinna og verdiane me har på Tysnes i dag.


Mange var nysgjerrige på filmen og hadde møtt opp på tross av dårleg vèr.


Ein frisk, men veldig triveleg utandørs filmpremiere!

Tysnesfest spanderte gløgg, og hadde sal av festivalpass.

Dagleg leiar i Atheno, Astrid K. Steinsland: Grip mulighetene! og løft fram dei som satsar.

Børge Pedersen frå Vågen AS er oppteken av å sjå moglegheiter framover.

Nina Ø. Borrevik frå Atheno fortalte om Ungt Entreprenørskap.

Patric Russel Madsen om Mandelhuset sine planar og visjonar framover.

Ordførar Kåre Martin Kleppe snakka om “Morgondagens Tysnes”.