Tysnesfilm
2/11/2015 02:30
PRESSEMELDING
Kva gjer du når du har ekte og gode kjensler for heimstaden din? Lagar film, sjølvsagt! No er redigeringsarbeidet ferdig og alle Tysnesingar er invitert til verdspremiere 11. november.
For filmskapar og initiativtakar Patrick Russel Madsen ønskjer å dela draumen om det gode livet på landet med både noverande og framtidige sambygdingar.
-Målsetnaden er å få tilflytting til Tysnes. Men for meg personleg så er Tysnesfilmen også laga for å la andre sjå det same som eg ser; Tysnes er ei øy full av moglegheiter, ja – ein leikeplass der draumar blir verkelege.
Den drygt fire minuttar lange filmen inneheld klipp av sambygdingar, kultur- og idrettsliv, ulike arbeidsplassar og vakker natur frå heile kommunen. Den er meint å syna mangfaldet Tysnes har å by på.
-Eg håpar Tysnesingane kan identifisera seg med filmen, og kjenner stoltheita for heimstaden sin på same måte som eg gjer.
Madsen har fått delstøtte til gjennomføringa av filmprosjektet frå Tysnespakken.
-Det er sjølvsagt veldig positivt at dei som administrerer Tysnespakken har vore positive til dette. Eg vil også rosa Endre Boland og Marcus Valeur i Dot Film som har gjort ein framifrå jobb i samband med opptak og redigering.

Premieren er lagt til sentrum i Våge 11. november klokka 18. Utandørs. Madsen legg ikkje skjul på at han set stor pris på om så mange Tysnespatriotar som mogleg, små og store, tek turen til Våge denne kvelden.
-Målet er å gje Tysnesingane ei annleis oppleving. I tillegg til filmframsyninga vil Tysnesfest sparke i gong neste års Tysnesfest. Det vert også litt «Tysnesprat» med noko varmt i koppen, og Atheno vil arrangere næringssamlinga «Attraktive Tysnes», avsluttar Madsen.
Ynskjer du å vite meir om Tysnesfilmen?
Kontakt: Patrick Russel Madsen – Tel: 48 19 83 46/mail: patrick@mandelhuset.no