Invitasjon til ope møte
27/10/2015 10:25
Dagleg ser vi nyhende om fortvila flyktningar som er på flukt frå sitt heimland. Og talet på flyktningar i verda er større enn nokon gong. Fleire av desse kjem til Norge, og nokre kjem også til Tysnes.
Tysnes kommune skal i perioden 2014 – 16 busette totalt 21 flyktningar. Desse vil gå igjennom eit Introduksjonsprogram, som inneheld norskopplæring og praksis, noko som gjer ei full arbeidsveke.
Norsk politikk er at flyktningar skal busettast ut over heile landet. Kvar kommune, uavhengig av storleik, skal ta i mot og legge til rette for busetting av flyktningar. På mange måtar kunne ein tenkt seg at det vil vore enklare med busetting i og rundt dei største byane. Men det seier seg sjølv at dette er ikkje mogleg med det talet på flyktningar som kjem i dag. Difor må alle kommunar by på seg sjølv og ta del i dette arbeidet.
Det gir oss som bur ute i distrikta høve til å møte framande menneske og framand kultur, mat, religion, språk bokstaveleg heime i eiga stove, på butikken eller på skulen. Vi kan få høyra historia til personar som ikkje har hatt det like enkelt som oss, frå deira eigen munn. Vi kan bli inspirert av nye tenkemåtar, ny mat og annan kultur. Om vi er trygge på oss sjølve, og eige ståstad, kan møtet med det framande vere spanande og berikande.

Fleire på Tysnes har teke kontakt med flyktningar, så nokre er «på hels» Men vi trur at det er enda fleire frå lokalsamfunnet som har lyst til å gje sine bidrag til at flyktningane skal bli godt motteke og integrerte på Tysnes. Difor blir alle som vil engasjere seg invitert til eit ope møte om dette den 04.11 i Tysneshallen
Her kjem nokre døme på kva dette engasjementet kan handla om:
• Inviter til fisketur med båten eller syne ein god fiskeplass
• Inviter nokon heim til deg
• Gå på besøk
• Praktisera norsk gjennom samtalar
• Invitere på tur ein ettermiddag / helgedag
• Foreslå å lage mat saman; korleis lage Eritreisk mat?
• Vi har ei mor med son i Våge, og ei mor med baby i Lunde. Alle desse treng nettverk av foreldre og born på same alder
• Tilby barnepass
• Inviter nokon med på kino
• Kanskje har nokon ein sykkel, ei fiskestang, turklede eller skiutstyr å gje vidare?
• Kanskje kan nokon reparere syklar i saman?
• Vi har to som går på skule på Stord og som kan ha god trong for leksehjelp
• Invitere med på arrangement, basar, husflidsmesse osb.
• Har du trong for ekstra hjelp på butikken, gården eller liknande. Alle flyktningar har lov til å arbeide
• Kanskje du kan tilby deg å ta nokre timar med øvingskøyring for dei som skal ta førarkort?

Denne lista er ikkje endeleg, vi trur det kan vere fleire der ute som har gode forslag til arenaer for å møtast. Behovet for å øve på å snakke norsk er stort, og alle kan uansett ståstad gje eit bidrag til det.
«Om eg seier ja til å hjelpe til med flyktningarbeidet, betyr det at eg bitter meg opp for evig og alltid?» Til det kan vi svare «Nei, det gjer du ikkje» Alle må få bidra med det dei greier å bidra med, om du tek med nokon på fisketur, så betyr ikkje det at det skal skje kvar veke. Likevel må du «ofre» noko av di tid for andre, for det er faktisk det det handlar om, at du må bruke noko av di tid for at andre skal få ein betre start på sitt nye tilvære som borgar i Norge. Kanskje er det ei god investering av tida di som kan gje ei god avkastning for både deg sjølv og dei som du er i lag med?

Flyktningane som per dato bur på Tysnes har alle vore innom asylmottak i Norge av varierande lengde på tid, så desse kjenner litt til norsk system og levemåte, men er langt frå utlærde. Seinare ser det ut til at vi kan få flyktningar som kjem direkte frå utlandet, såkalla kvoteflyktningar. Desse vil ikkje kjenne Norge og norsk system i det heile, og vil ha behov for ein del hjelp undervegs. Men det er viktig å hugse på at alle flyktningane har behov for å bli ivareteken.
Flyktningtenesta og frivilligsentralen arrangerer difor til eit ope møte om dette temaet: Frivillig arbeid og flyktningar
Dato: 04.11.15
Klokkeslett: 18.30
Stad: Foajeen i Tysneshallen
Her kan alle som kan og vil kome og delta i diskusjonen; om du har gode forslag til frivillig arbeid, om du er ute eller meir informasjon eller om du gjerne vil delta på dette. Vi håper så mange som mogleg kan kome, så kan vi saman diskutere og bli einige om gode praktiske løysingar.
Vel møtt.
Beste helsing
Flyktningtenesta og frivilligsentralen i Tysnes kommune