Ferjefri Kystamveg
20/10/2015 09:01
Hordaland fylkeskommune
v/ fylkesordførar Anne Gine Hestetun
Hordfast og Rogfast – ferjefri kyststamveg mellom Stavanger og Bergen
I Nasjonal transportplan for 2014-2023 er det føresett at Vestlandet skal bindast saman gjennom ein opprusta og ferjefri E39 i løpet av ein tjueårsperiode. Strekninga skal handterast som særskilt prioritert prosjekt, og i komande 10 år skal ei rekkje prosjekt langs kysten starta, andre planleggjast.
På aksen Bergen – Stavanger er det to store ferjeavløysingsprosjekt, Rogfast og Hordfast . Desse prosjekta er det viktig å få på plass for å knyta Stavanger og Bergen og området i mellom tettare saman. Dette vil gje næringslivet eit stort fortrinn ved at arbeidsmarknaden vert større og samanhengande.
Arbeidet med Rogfast er starta, og planarbeidet på strekninga Stord – Os er i god framdrift. Dette arbeidet og denne prioriteringa må ikkje setjast opp i mot utbetring – ny trasé Bergen -Voss, noko også samferdselsminister Ketil Solvik Olsen har stadfesta. Næringslivet, partane i arbeidslivet og eit samla politisk Hordaland har til no stått saman om å få dette til. Det vert heilt feil om det no vert skapt eit inntrykk av at Hordaland ikkje lenger står ved dette.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil på det sterkaste be om at det vert halde oppe eit politisk arbeid gjennom fylkesordføraren sitt kontaktutval for Hordfast og at dette arbeidet no har fokus på finansiering av sambandet. Samarbeidsrådet meiner og at rassikring og utbetring av E16 Voss – Bergen er heilt naudsynt.
Sunnhordland, 20. oktober 2015
Kjetil Hestad, styreleiar Gro Jensen Gjerde, dagleg leiar