Åtvaring

Publisert av:
15/10/2015 09:52

Ein lesar har fanga opp ei viktig åtvaring frå posten i dag, som kan vere grei for alle å få med seg:
I ei pressemelding skriv Posten at svært mange nordmenn i dag har fått ein epost med ei falsk oppfordring om å henta ein pakke. Det skal ifølge advarselen vere snakk om fleire ulike versjonar, og samtlige inneheld lenker med skadelig innhald.

– Vi får jevnlig tilbakemelding fra våre kunder om virusangrep, og det går i bølger. Vi merker det godt på vårt kundesenter, fordi mange tar kontakt. I dag er det trolig et nytt, omfattende angrep rettet mot norske mottakere, sier pressesjef i Posten Norge John Eckhoff.

Han forteller at dei som klikkar på lenkja kan få store problem med datamaskinen, med blant anna at dei vert beden om å betale pengar for å låse opp datamaskinen.