Skogeigarmøte

Publisert av:
9/10/2015 10:10

Det skjer mykje i skogen på Tysnes for tida.
Som fylgje av stormen “Nina” er det stor aktivitet på hogst over heile øya. Skogbruksleiar Stig Håland reknar med at over 20000 kubikkmeter tømmer blir tatt ut fram til påske.

På skurtømmer er det god avsetnad, men på massetrevirke (slip) er det vanskeleg å få omsetnad.
Vestskog er aktiv på marknaden, og reknar med at det opnar seg eksport muligheit.
På litt sikt kan også massetrevirke bli interessant for biodrivstoff sett i lys av ny avgiftspolitikk på biodiesel frå 1. oktober.
Jan Ivar Rødland informerte om nytten og bruken av den nye skogbruksplanen. Her blir det arrangert kurs over to kveldar og ein dag i skogen. Den enkelte som har den nye planen får direkte informasjon for påmelding.
Sjå også Vestskog si heimeside for meir info.

Fredrik Landeråen