Vann i Cannes

Publisert av:
25/8/2015 12:27

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har i dag kome med ei gledeleg pressemelding der dei fortel at filmen som vart laga for å marknadsføra Sunnhordlandsregionen har vunne ein av prisane under Cannes Corporate Media & TV Awards 2015.

772 bidrag frå heile verda vart sende inn til juryen. Blant desse filmen om Sunnhordlandsregionen, «Where do you want to live?».

[youtube]mVgiYlfuGNQ[/youtube]

Jurymøtet vart halde 23. juli. Resultata frå juryen er nyleg gjort kjende. Filmen om Sunnhordland er ein av vinnarane under årets Cannes Corporate Media & TV Awards. Prisutdelinga vert 15. oktober.

Filmen «Where do you want to live?» er produsert for Samarbeidsrådet for Sunnhordland av Zpirit reklamebyrå. Regissør er Simeon Frohm.


Simeon Frohm (regisør), Steinar Hårde (Zpirit) og Anne Lønne (Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Foto: Zpirit

– Utruleg kjekt, seier Steinar Hårde, prosjektansvarleg i Zpirit. At filmen igjen vert heidra med pris og lagt merke til også ute i Europa viser at me når dei målgruppene me definerte i forkant og at slike omdømefilmar definitivt kan vera effektive verktøy så lenge dei blir laga på rett måte. Takk for supert samarbeid til regissør Simeon Frohm som har mykje av æra for suksessen, poengterer Hårde. Simeon sjølv seier berre ein ting: Hardt arbeid lønar seg.  

Prisdryss over Sunnhordlandsfilmen – 2 internasjonale prisar

Tidlegare har filmen som er laga for å promotera Sunnhordlandsregionen blitt tildelt Gullsild frå Markedsforeningen på Haugalandet. I juni vann han også prisen for «Best direction» under filmfestivalen FilmAT Film, Art & Tourism Festival i Warszawa, Polen.

Kjetil Hestad, styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og ordførar i Tysnes kommune seier at det er fantastisk gledeleg at filmen om Sunnhordland no får den andre internasjonale prisen på kort tid. Dette betyr mykje for filmen sin verknad, regionen og produsentane av filmen. Her er det mykje å glede seg over, seier Hestad. Han seier også at filmen har bidrege til å setje Sunnhordland på kartet. Samstundes peikar han på at dette er viktig arbeid som vert gjort for å skape optimisme og bulyst i regionen. Det er rett og slett rørande, avsluttar han.

Heile pressemeldinga kan du lese her.