Ledig stilling Mandelhuset

Publisert av:
12/7/2015 05:59
Mandelhuset søker ein hyggelig og dyktig servitør som og kan ta vakter i baren vår. Det er varierande arbeid då me har mange selskap og catering i tillegg til den vanlige drifta med restaurant og bar. Du må vere oppriktig glad i å yte service, ha kunnskap om mat og drikke, vere fleksibel og ha respekt for medmennesker. 
Drifta varierer ein del gjennom året. I høgsesongen om sommaren (juni-august) er det à la carte i høgt tempo, og resten av året er det i hovudsak selskap, møter, catering og konserter som er hovudfokus. Baren vår har utvikla seg veldig mykje dei siste åra, me har eit rikt utval og me har fokus på kontinuerlig forbetring.  
Me lover deg ein spanande jobb på Tysnes der du får muligheten til å utvikle deg sjølv i tillegg til å vere med på å utvikle vårt konsept vidare. Så er du av typen som likar utfordringer, er flink å samarbeide og er entusiastisk over arbeidet ditt er dette kanskje noko for deg! 
Timelønn: 150,- 
Stillinga gjelder frå dags dato. Prøvetid på 2 mnd. 
Kontakt:
Dagleg leiar: Patrick Madsen
tlf: 48198346 
epost: patrick@mandelhuset.no
Mandelhuset AS
Våge
5680 Tysnes