Søker manager
25/6/2015 07:56
Manager søkes!
Det nærmar seg den årlege Tysnes Sparebank Cup.
Noldus IL har i år sendt sine to managera på viktige utandlandsoppdrag den aktuelle helga.
Me ser oss difor nødde til å søka etter vikarierande manager for både
Noldus IL 1.laget (aktiv klasse) og
Noldus IL A-laget (uaktiv klasse).
Me kan garantera konkurransedyktige betingelsar og godt arbeidsmiljø.
Ønskelege kvalifikasjonar:
– Lågare utdanning.
– Ha eigen dress, solbriller og trillekoffert.
– Ha evna til å komma seg opp ein søndags morgon om laget skulle gå vidare i cupen.
– Autoritet til å ta ut eit lag der kanskje ingen vil spela.
– Mogeligheit til å stilla på lagfesten laurdags kveld.
– Fotballkunnskap kan vera eit pluss.
Søknad og CV sendast per e-post til sportsleg.leiar.noldusil@gmail.com
Søknadsfrist: 28/06-15