Tysnes får sin eigen Eliasbåt

Publisert av:
10/6/2015 11:05

Kl 13.00 i Våge Hamn vert det raud løpar og festivitas i samband med dåpsseremonien.

Det har vore teiknekonkurranse blant elevane ved Uggdal skule der dei skulle teikne Eliasbåten. Ingrid Belt og Oliver Nordtveit Fagerbakk var trekt ut, og dei får æra av å døype båten. -Med ballongar fylde med champagne-brus!

Hamna får også besøk av Redningsselskapet, som kjem i ei redningsskøyte i full størrelse.

Eliasbåten vil verte stasjonert på Tysnes, og vil truleg bli liggande ved flytenaustet i Våge. Båten skal nyttast til opplæring. Ein vil få opplæring i sjøvett, bruk av redningsvest og elles korleis ein skal opptre på sjøen. Det er plass til 3 stk i båten.

Det er fleire partar som har gjort det mogleg for Tysnes å ha sin eigen Eliasbåt. Redningsselskapet har sponsa hovuddelen, medan lokale bedrifter og lag har gått saman om ein del. Tysnes Kraftlag har sponsa med kr 60 000, Tysnes kommune med kr 10 000, Tysnesfest med kr 10 000, Lunde bygdalag med kr 10 000 og Tysnes Næringsråd med kr 10 000.

 

Alle frammøtte vil få servert gratis pølser med tilbehør frå denne flotte pølsevogna til Våge Hamn!