G16:Trio 2–Njardar/Tysnes 3–1
5/6/2015 11:16
Njardar/Tysnes var torsdag til Husnes og spelte mot Trio 2. Heimelaget vann 3 – 1 etter at Njardar/Tysnes leia 1 – 0 ved pause. Trio 2 opna best, og laget fekk straffe tidleg i omgangen. Dette redda Martin på meisterleg vis. Etter kvart kom Njardar/Tysnes sterkare, og det var ikkje ufortent at Erik gav gjestene leiinga på eit kontrollert skot.
Andre omgang var ganske jamn, men no var det Trio som fekk utteljing. Det første målet kom etter feil i Njardar/Tysnes medan dei to neste måla var resultat av godt spel.
Biletet er det same som tidlegare. Når Njardar/Tysnes roar det ned og legg vekt på samspel, klarer dei seg godt, men for ofte vert det for oppjaga. Laget har framleis fire sentrale spelarar på skadelista, og det ber nok spelet preg av.
Desse var med: Martin Bakke, Mattis Utne, Elvis Kalvans, Karl Henrik Helgesen, Sjur Håvik, Amalie Tysnes, Sondre Flygansvær, Erik Enes, Sjurd Pedersen, Einar Stikholmen, Elias Jordal og Remy Gundersen.
Tekst: Helge Hauge