Sesongen er opna
3/6/2015 17:10
Frå 1. juni og ut juli er Årbakka Handelsstad open onsdag – søndag, 1200 – 1700.
Utstillarar i år er :
Trond Bentsen med «Maritime uttrykk»,
Sanita Balode med «To sider av en» og
Sissel Drange med bilder frå Tysnes.

Utstilling i fyrste høgda i sjøhuset med Trond Bentsen

Utstilling på «Sjøhuslemen» med Sissel Drange og Sanita Balode
Det er ikkje berre kunst Årbakka Handelstad har å by på.
I krambua kan du få deg ein kopp kaffe/te med «nogo attåt».
Anne-Lis fortel at dei også sel strikkevarer, gammeldagse drops og økologisk te. Dei har også fine løpearar og håndkler frå Ekelund.
Opningstider og aktivitetar under Tysnesfest, finn ein i programmet til Tysnesfest.
Vertskapet Anne-Lis og Rune Øvrebotten, Marion Tviland ynskjer alle:
Hjarteleg velkomen til ein flott oppleving på Årbakka Handelsstad.