Familiefest med Uggdal skule

Publisert av:
23/4/2015 19:02

Uggdal skule hadde innvitert søsken, foreldre og besteforeldre med fleire til familiefesten.

Svært mange tok turen, omlag 400. Elevane hadde ei fin framføring av musikalen “Finn Englius Fant og jakten på nøkkelen som forsvant”. Stykket varte i over ein time, og elevane imponerte med både skodespel, tekst og sang!

Familiefesten vart avslutta med kveldsmat og to fine Abba-songar på  kornett framført av 4. klassen.