Siglarlaget Njord Tysnes
17/4/2015 11:09
Sjøsportveko er ei vidareføring av siglarveka/aktivitetsveka er primært for born og unge frå og med 8 år.
På sjøsportveko får ein prøva sigling med både små og store seglbåtar, padling i havkajakk og vannski/vannsport. Primærmålet for læring er mestring på ein sikker måte og samtidig ha det kjekt. Tryggleik er sentralt under alle aktivitetar og difor blir dette alltid vektlagt i undervisninga.
Tid: Mandag – Fredag i veke 29 (13 – 17 juli).
Stad: Njordstø i Vee/Våge
Pris pr deltakar er; 1000 NOK for ikkje medlem og 800 NOK for medlemmer.
Søskenrabatt ved fleire frå same husstand.
Deltakaravgift inkluderar frukt/mellommåltid kvar dag samt grillmat/drikke på avslutning Fredagen.
(Deltakarar må ha med seg lunsj/niste og drikkeflaske kvar dag.)
Påmeldingsfrist: 22 mai (NB: Begrensa plassar)
Påmelding: Send mail med navn, alder og adresse til rita_teig@hotmail.com
(Meir info om program og praktiske opplysningar blir tilsendt på mail)
Sjå link til den flotte videoen om sjøsportveko her.
Følg oss på www.facebook.com/njordtysnes eller sjå www.sigling.no
Snakkast på Sjøsportveko:)
Mvh
Vegard Aslaksen
Formann
Siglarlaget Njord Tysnes