Fotball gutter 16
17/4/2015 10:49
G 16 starta sesongen i Rosendal der heimelaget vann 8 – 2 over Njardar/Tysnes.
Gjestene hadde ikkje spelt treningskampar medan Rosendal alt var ferdig med den første kampen, og det såg me tydeleg i byrjinga.
Rosendal leia 4 – 0 etter ti minuttar, mykje på grunn av rufs i forsvaret til Njardar/Tysnes. Deretter jamna det seg ut, og det meste av spelet gjekk føre seg mellom 16-metrane.
Eit kvarter ut i andre omgang fekk Njardar/Tysnes Straffe etter at Einar vart felt. Erik sette straffen sikkert i mål. No hadde Njardar/Tysnes vel så mykje av spelet, og Alf Inge lurte av forsvaret til Rosendal og sette ballen kontrollert i mål.
På slutten tok kreftene slutt for fleire av spelarane til Njardar/& Tysnes, og Rosendal fastsette sluttresultatet til 8 -2.
Sjølv om sifrane er stygge, treng ikkje gjestelaget deppa. Laget spelte til tider bra fotball, og me kunna sjå igjen det me har trent på.
Neste kamp er i Odda torsdag 23. april.
Desse var med. Martin Bakke, Amalie S. Tysnes, Kenneth Dalland, Elvis Kalvans, Sondre Flygansvær, Sjur Håvik, Håkon Knudsen, Erik Enes, Einar Stikkholmen, Alf Inge Stue, Sjurd Pedersen, Mattis Utne, Sindre Økland og elias S. Jordal