Tysnesfest for dei unge!
16/4/2015 07:07
NATURFAG ROCKER!
I denne interaktive familieførestellinga viser PK, frå den spektakulære “Barn ingen adgang” på NRK Super, at naturfag rockar!
PK er alltid litt propell, tydeleg begeistra, diggar å leike seg med naturfag og teste ut ting som smell, bråkar og eksploderer. Her blir det flammar og artige eksperiment! Midt oppi alt dette kan eg garantera at både store og små lærer noko nytt. Programmet ”Barn Ingen adgang” vann «Gullruten» for beste nye programserie i 2014. Showet passar like godt på eit kulturhus som på festival og like godt for vaksne som for barn!
Kan ein drikka CO2? PK gjer deg svaret.
Marcus & Martinus
Marcus og Martinus Gunnarsen har for lengst etablert seg som landets kulaste tvillingpar, og allereie som tiåringar blei dei landskjend over natta då dei vann MGP Jr. med låta «»Som to dråper vann». Marcus og Martinus slapp i 2014 singlane «Du» og «Smil». På singelen «Smil» jobba dei med produsenten Hallgeir Rustan, betre kjend som ein av stjerneprodusentane i Stargate. Tvillingane har brukt store deler av 2014 til konsertar og reising i Norge. Dei avslutta året med MGP Juniors juleturné. I starten av 2015 har gutane vore i studio med blant anna Magnus Bertelsen og Erik Fjeld og snart kjem dei ut med singelen «Plystre på deg».
Dei starta det nye året med konsertar og var i år med på Vinterlyd-turnen for tredje året på rad. Gutane lovar at fansen har mykje å gleda seg til i form av konsertar og tv opptreden i året som kjem.
”Vi elsker fansen, uten dem hadde vi ikke vært her i dag,” seier gutane i kor.
[youtube]4ka8j5ywWys[/youtube].
Egners kabaret!
Førestellinga/kabareten er basert på Egners figurar og viser, med fokus på dei mest kjente melodiane. Her kjem Bakemester Harepus, Karius & Baktus, Ole Brumm og sjølvaste Kaptein Sortebill innom. Det er bare å gleda seg!
Sjørøvardag for heile familien
Under marknadsdagen på fredag 10. juli får me besøk av ei 13 meter lang sjørøvarskute full av piratar og aktivitetar! Marknadsdagen gjer me såleis om til ein helidags piratfest. Når barna vert begeistra av piratar og dei sjølv får vera småpiratar for ein dag, vaknar piraten i dei vaksne også.