Påsketurnering

Publisert av:
4/4/2015 05:06

Heile 22 deltakarar fordelt på 11 lag deltok på Tysnes Golfklubb si uhøgtidelege påsketurnering Langfredag, 3. april.
Det vart spelt Texas Scramble over 18 hol med HCP.

Dei 3 beste laga vart:

Nr. 1. Geir Ove Rydningen/Atle Mathisen, Kristornskogen GK, 42 slag netto
Nr. 2. Ole Rosvold/Oddvin Flornes, Tysnes GK, 48 slag netto
Nr. 3. Jan Åge Sande/Rune Strandenes, Kristornskogen GK, 49 slag netto


Dei 3 beste laga.
Frå venstre: Oddvin Flornes, Geir Ove Rydningen, Atle Mathisen, Jan Åge Sande og Rune Strandenes. Ole Rosvold var gått då bilete vart teke.

 

Tysnes Golfklubb takkar alle deltakarane for frammøte, godt humør og god innsats !

Velkomen attende alle saman !

Tekst og foto: Oddvin Flornes, Tysnes Golfklubb