Robåtkurs
3/4/2015 19:07
Tekst og foto: Rebekka Høgestøl
Då eg kom heim til foreldra mine til påsken, syns eg det var rart og tomt i garasjen til pappa. Han pleier jo iallefall ha èin båt han fikser på. Då eg bemerka dette, fortalde han at kystlaget no holdt nok eit robåt-kurs, og han er ein av veiledarane.
Dette kurset starta i september i fjor og varer til mai i år. Eg stakk innom dei, for å sjå korleis det gjekk føre seg. Då hadde dei begynt på båt nr 2!
Nokre av deltakarane (visst ikkje alle ;) ) hadde lenge tenkt på å bygga egen båt, og var veldig glad for å få muligheten no. Det første eg la merke til, var den rolege atmosfæra i naustet.
Dei jobba godt saman, og stemninga var god :)
Klinking,- Ein teknikk datert heilt tilbake til vikingtida.
Deltakarane går saman to og to, og bygger kvar sin båt.
Dette heimelaga reiskapet lagar kjennemerke på eit av borda i båten.
Sterke nevar i arbeid :)