Sesongavslutning

Publisert av:
29/3/2015 19:11

Tradisjon tru så var det også i år ein avslutningstur for symjeklubben til Vannkanten.

Som vanlig er det stor interesse for turen, og i år var me totalt 36 store og små som reiste avgårde.

Det er ingen tvil om at alle hadde ein fin tur, og alle kosa seg to timar i bassenget med sklier og diverse vannaktiviteter.

Etterpå var det felles måltid på Peppes, med pizza i alle variantar, og alle fekk ete så masse pizza dei berre orka – og det var det ei god del som gjorde :)

Symjeklubben vil med dette takke for årets sesong, og me tar sikte på å starte opp bassenget igjen i september – håpar alle er med då og.

Med helsing Trenarane i Tysnes Symjeklubb

Fantastisk flotte ungar å reise med, alle hadde det kjempeskøy, seier Bjarte Erstad til Tysnesingen.no.
Olav Kaastad var sjåfør med bussen sin, og som de ser av bileta så måtte han få mat han og :)