Songevangelistane Marit og Irene tilbake.

Publisert av:
14/3/2015 10:07

Tirsdag 17.mars kjem dei kjende songevangelistane Marit og Irene tilbake til Tysnes med møteserie i Tysnes bedehus komande veke. Det er Tysnes støtteforening for Indremisjonen som står som arrangør for møta. Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes  er godt kjend for mange . Dei var på Tysnes  sist i 2012. Hadde du ikkje høve å høyra dei no så møt gjerne opp denne gongen. 

Dette vert ei variert møteveke der alle er velkommen. Det vert mykje sang og musikk. Fredag vert det felles kveldsmat på bedehuset etter møtet. Laurdagskvelden vert det  eigen song-og musikkveld det også Håkon C.Hartveit  frå Fitjar deltek saman med Marit og Irene.

Tekst: Harald Heie