Trafikkulykke på Søreide

Publisert av:
12/3/2015 16:58

Bilane har frontkollidert og to personar vart lettare skada i ulykka. Dei måtte til legen for nærmare sjekk.

Vegen var stengt ei stund, då eine bilen i ulykka stengde heile vegen. Alle naudetatane var rykka ut og var på staden då Tysnesingen.no var ved ulykka ca. 17.30.

Kl. 18 var bergingsmannskap ferdige med oppryddinga og vegen er no open att.