Markering av Kvinnedagen, 8. mars 2015
9/3/2015 16:23
Arrangementet vart halden i Tveit Grendahus.
Dette er eit tiltak i samarbeid mellom Tysnes Frivilligsentral og Kvinnenettverket i Tysnes.

Florence Straume ynskte velkommen og snakka litt om føregongskvinnene og starten på markering av Kvinnedagen.

Kjetil Hestad heldt appell og nevna at sjølv om me er kommen langt her i landet når det gjeld likestilling, må dette ikkje verta noko sovepute for oss. Det er enno eit stykke til me er fullt likestillte innan arbeidslivet, t.d. mykje deltid og lønnsforskjel.
Han la også vekt på vold mot kvinner og barn, både i nære relasjoner og ikkje minst seksualisert vold i krigsherja land.
Me må bry oss når me ser at urettferdigheter og vera ein god venn og våga å gi beskjed.

Etter appellen fekk me høyra fin song frå 2 talentfulle jenter: Tamara Helland og Nora Stien. Dei framførte 2 songar.

Så var det mat og mange av deltakarane hadde teke med ein liten rett slik at det vart eit rikhaldigt Koltbord.
Me hadde også lodd sal og gevinstane var størst grad gitt av deltakarane på 8. mars arr.
Ein stor takk til alle som deltok og takk for alle bidrag.
Helsing Tysnes Frivilligsentral og Kvinnenettverket