Innbrot

Publisert av:
2/3/2015 11:52

Fredag, 27. februar, oppdaga forbipasserande at eit vindauge var brote opp i eit bustadhus på Årbakka. Eigarane var bortreiste, og dei som oppdaga brotsverket varsla eigarane som så varsla politiet.

Innbrotstjuvane har gått gjennom heile huset, men har vore veldig spesifikke på kva dei har stole, seier politibetjent Yngve Kleppe til Tysnesingen.no. Dei visste kva dei var ute etter, og har hovudsakleg stole sølvtøy og smykker. 

Politiet jobbar med saka og følger opp moglege spor.